Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Aktuelt

Tilbakeblikk på arrangementsrekka «Sagaenes verden»

Ålesundsbiblioteka har hatt stor suksess med arrangementsrekka “Sagaenes verden”, som vi fekk støtte frå Fritt Ord til å gjennomføre. Prosjektet har hatt som føremål å synleggjere og tematisere dei banda som moderne historieforteljing har til vår norrøne litteraturarv. 

Ledige stillingar for ungdom til hausten

Er du ein kreativ og engasjert ungdom som likar å lage kule ting? Ålesund og Skodje bibliotek søkjer 4-5 ungdomsassistentar til vår nye Skaparverkstad!

Opningstider i påska

Her finn du opningstidene i påska for alle biblioteka.    

Aktivitetar i stengeperioden til Ålesund bibliotek

I den perioden Ålesund bibliotek er stengt, vil vi likevel gjennomføre dei faste arrangementa for barn og vaksne. Desse vil finne stad i dei tidlegare lokala til Sydvesten, i første etasje på Rådhuset. Vi vil også ha nokre andre aktivitetar for barn og unge i stengeperioden. 

Ålesund bibliotek stengt frå 20. mars til 5. mai

I samband med bygningsarbeid i lokala i Ålesund sentrum, må biblioteket halde stengt i nokre veker. Vil vil likevel ha så mange tilbod som mogleg ope for lånarane våre. Her finn du meir informasjon om stenginga, og korleis det påverkar deg med tanke på utlån, innlevering, arrangement og aktivitetar på biblioteket. 

Bli med på lesing i biblioteket

Er du interessert i bøker og litteratur? Kanskje du ønskjer å lese meir, men slit med å kome i gong? Då har vi gode nyheiter! Ålesundsbiblioteka har jamnleg lesearrangement for vaksne, der du får litterært påfyll av både klassikarar og nyare tekstar. Arrangementa passar for alle, anten du er ein dreven bokslukar eller berre er nysgjerrig på litteratur.

Fole kjekt å vere sosial og digital

Kjenner du nokon som synest at det er vanskeleg å bruke internett, nettbank eller e-post? Kanskje du sjølv ønskjer å bli betre på å bruke mobiltelefon eller nettbrett? Då er «Fole kjekt å vere sosial og digital» noko for deg!

Markering av den internasjonale kvinnedagen

Moa bibliotek feirer kvinnedagen laurdag 8. mars med arrangement for både barn og vaksne, i samarbeid med 8. mars-komiteen i Ålesund.

På utlånstoppen i 2024

Det er på tide å oppsummere fjoråret. Lurer du på kva for bøker som vart mest utlånt hos Ålesundsbiblioteka i 2024? Her får du 10 på topp-listene, som samtidig fungerer som lesetips for deg som ikkje har vore gjennom desse bøkene allereie. 

Ålesund litteraturfestival 2025

Endelig er det januar og litteraturfestival igjen! Ålesund litteraturfestival blir arrangert for tredje gong 23. - 25. januar.  Vi startar det nye året med ei storslegen feiring av leselyst, bøker og flotte forfattarar! I år som i fjor er det eit variert og spanande program for både barn og vaksne.