14. oktober besøkjer den kjende psykologen og forfattaren Peder Kjøs Ålesund bibliotek med føredrag basert på si nyaste bok «Du kan få det bedre – forstå mer av deg selv og relasjonene dine.»
Naturvernforbundet, Besteforeldrenes Klimaaksjon, Natur og Ungdom og Moa bibliotek inviterer til haustsamling onsdag 2. oktober, denne gongen med ein miks av lyrikk og sakprosa i fylgje med lokale innslag og opplesing i Moa bibliotek.
Ålesundsbiblioteka markerer nasjonale bibliotekdagar frå 2.-8. september. Denne veka løftar vi fram gamle og nye lesearrangement både for vaksne og barn.
Frå veke 33 har Sjøholt bibliotek nye opningstider. I tillegg til bemanna opningstid, er biblioteket meirope kvar dag. Innbyggartorget hjelper også til dei dagane biblioteket er ubemanna.
Tysdag 27. august kjem forfattaren Anders Totland til Moa bibliotek. Han er aktuell med romanen Til døden skil oss , og kjem til Moa bibliotek for å snakke om denne og andre av bøkene sine. Arrangementet er eit samarbeid mellom Borgund Mållag og Moa bibliotek.
Frå onsdag 19. juni kan du ikkje lenger kjøpe billettar til Parken kulturhus sine arrangement ved Ålesund og Moa bibliotek. No må billettane kjøpast på nett.
Også denne sommaren kan alle 1. - 7. klassingar vere med på Sommarles, Noregs kulaste lesekampanje.
Biblioteka er stengte pinseaftan, 1. og 2. pinsedag. Dei meiropne biblioteka er likevel opne for dei lånarane som har tilgang til dei.
Tekstilkunstnaren Karina Tene stiller ut verka sine ved Kunstveggen på Ålesund bibliotek i mai. Ho har kalt utstillinga for “Det du (ikke) ser”.
I år som i fjor vert det Barnas leikebyttedag ved Ålesund bibliotek. Laurdag 20. april kan du kome til biblioteket og bytte ut leikene som du ikkje brukar lenger.