Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Nye opningstider ved Ålesund bibliotek

Vi har starta med meirope bibliotek. I samband med dette er dei bemanna opningstidene noko reduserte. 
Dei nye opningstidene kan du sjå her. 
Du kan lese meir om meirope og korleis du får tilgang her. 

Aktuelt

Verdsdagen for psykisk helse: Psykisk beredskap

Verdsdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag som i Noreg vert markert i veke 39-42 kvart år.  Årets tema er psykisk beredskap, altså evna til å møte livets utfordringar med motstandskraft, innsikt og støtte. Ålesundsbiblioteka set søkelys på dette temaet gjennom fleire arrangement i haust.

Bøkene nokon ønskjer at du ikkje skal lese

Vi markerer Forbodne bøker-veka i Ålesundsbiblioteka. Litteratur vert bannlyst og undertrykt sjølv i dag, og sjølv i demokratiske land som liknar vårt eige. Forbodne bøker-veka vert difor markert i mange land. Då set vi fokus på sensur, ytringsfridom og demokrati, og feirar fridomen til å lese det ein vil. Ikkje minst oppmodar vi alle til å lese ei forboden bok!

Haustferien i biblioteket: aktivitetar for barn

I veke 41 er det haustferie i skulane i Ålesund og omegn. I Ålesundsbiblioteka har vi spanande aktivitetar for barn heile veka. Bla vidare for å sjå programmet i dei ulike biblioteka.

Ein inspirerande dag med Kadafi Zaman

Mangfald, integrering og journalistikk: Førre veke fekk eit stort publikum i Ålesund bibliotek høve til å møte den kjende TV2-journalisten Kadafi Zaman. Besøket var eit samarbeid mellom Ålesundsbiblioteka og Møre og Romsdal Røde Kors.

Read Hour 2025 - ein lesetime for alle

Måndag 8. september markerer Ålesundsbiblioteka den internasjonale Read Hour med arrangement som inviterer både store og små til å sette av ein time til lesing. Målet med Read Hour er å løfte fram lesing som ein verdifull aktivitet – ei kjelde til ro, refleksjon og ny innsikt i ein travel kvardag.

Bibliotekets litteraturpris, bokprat og quiz

Torsdag 4. september blir ein kveld i litteraturens namn ved Ålesund bibliotek. Vi presenterer dei nominerte til Bibliotekets litteraturpris, ein nasjonal pris som blir delt ut kvart år. Vi gir også ein smakebit frå haustprogrammet ved biblioteket, og tipsar om nokre av bøkene som kjem ut i haust. Kvelden blir avrunda med litteraturquiz. 

Les Vegas, baby!

Frå 2. september set vi i gong igjen med Les Vegas, Baby! ved Ålesund bibliotek. Dette er ei lesestund for dei aller yngste lesarane, nemleg barn frå 7 månader til 1,5 år. I haust blir også tilbodet utvida til Moa og Skodje bibliotek.

Tradisjonar møtest

Ålesund bibliotek feirar verdsdagen for den tradisjonelle rumenske blusen! Tysdag 24. juni vert dette tradisjonshandverket feira over heile verda. 

Verdas miljødag 2025: Stopp plastforureining!

5. juni er Ålesund bibliotek vertskap for arrangementet Verdas miljødag, i samarbeid med ei rekke organisasjonar og private og offentlege verksemder.

Konkurranse for barn: Stopp plastforureining!

Ålesund bibliotek utlyser ein kreativ konkurranse for barn i barneskulealder i samband med Verdas miljødag 5. juni.