Bibliotek er meirope frå kl. 09.00 desse dagane.
Laurdag 18. juli er biblioteket stengt. Denne dagen er det heller ikkje meirope.
I juli og august er det Evy Anne Brotnow som stiller ut bileta sine ved kunstgalleriet ved Ålesund bibliotek.
Er du nyetablert kunstnar og ønskjer deg ein arbeidsplass med byens finaste utsikt? Då kan du søke om å få disponere atelier ved Ålesund bibliotek. Du får også andre goder som kan hjelpe deg i etableringsfasen, og får bli ein del av eit kunstfagleg nettverk i Ålesund.
Er du barn eller ungdom i alderen 9-14 år og interessert i å prøve podcast eller vere DJ for ein dag? Då kan du låne ein studiovert i Ålesund bibliotek sitt lyd- og videostudio!
Også denne sommaren er det Sommarles. Frå 1. juni kan alle 1. - 7.klassingar vere med på Noregs kulaste lesekampanje.
I juni er det utstilling med biletkunstnar Mette Elisabeth Fausa ved Ålesund bibliotek.
Svein Hammer har skrive ein trilogi om grøn politikk og grøn samfunnsutvikling. Samstundes har han kasta seg inn i lokalpolitikken i heimkommunen Hemnes. Måndag 5. juni kjem han til Ålesund bibliotek for å bli bokbada og snakke om sitt grøne manifest.
Torsdag 4. mai blir det opningsfest på Skodje bibliotek. Biblioteket har blitt pussa opp og fornya, og inviterer no alle inn for å sjå korleis det har blitt.
På grunn av ombygging blir Ålesund bibliotek stengt i to veker i mai. Du kan likevel levere bøkene dine i innleveringskassa utanfor biblioteket. Bestilte bøker blir lånt ut til deg og sett på ei hentehylle i same gangen.
Ålesundsbiblioteka har sett i gong eit opplegg vi har kalla "Barnas frøbibliotek", retta mot barnehagar i kommunen. Gjennom dette opplegget vil vi setje fokus på berekraft. Målsetjinga er lære barnehagebarna og andre om viktigheita av eit berekraftig samfunn og kva vi kan gjere for å bidra til dette.
Laurdag 22. april kjem den store klesbytedagen til Brattvåg bibliotek!