Det er ny månad og ny klassikar å presentere for dykk. I november er det romanen “Skyggekvinner” av japanske Fumiko Enchi som er månadens klassikar. Romanen kom ut for første gong på norsk i 2025, og er omsett av Ingvill Kjærstein. Ho kjem til Ålesund bibliotek for å snakke om boka torsdag 12. november.
Ålesundsbiblioteka markerer Nordisk litteraturveke 2026 med arrangement på fleire bibliotek og i fengselet.
Onsdag 28. oktober gjestar Daniella Nordhagen Ålesund bibliotek for å dele si historie og delta i ei panelsamtale om negativ sosial kontroll og æreskultur. Saman med lokale fagpersonar skal ho setje søkelys på førebygging, rettar og korleis utsette kan få hjelp.
Drøymer du om å jobbe med marknadsføring, sosiale medium og innhaldsproduksjon? Sjå her!
No i oktober startar Ålesundsbiblioteka opp med "Månadens klassikar". Her vil vil presentere klassikarar som vi meiner fortener å bli løfta fram, både dei kjente og mindre kjente. Den første boka ut er Markens grøde av Knut Hamsun.
Ålesund bibliotek får nye opningstider i samband med meirope bibliotek. Frå måndag 5. oktober stengjer biblioteket ein time tidlegare måndag til torsdag.
I veke 41 er det haustferie i skulane i Ålesund. I biblioteka våre har vi ekstra mange spanande aktivitetar for barn og familiar denne veka.
Måndag 5. oktober startar Ålesund bibliotek opp med meirope bibliotek. Dette er ei løysing som gjer at lånarane kan få tilgang til biblioteket også utanfor ordinær opningstid.
Sommarles er over for i år, og det er klart for fest! Sommarlesfestane markerer avslutninga på den årlege lesekampanjen, og byr på feiring for barn, ungdom og familiar.
Biblioteket lanserer ein ny lesekampanje for dei yngste.