Frå onsdag 19. juni kan du ikkje lenger kjøpe billettar til Parken kulturhus sine arrangement ved Ålesund og Moa bibliotek. No må billettane kjøpast på nett.
Også denne sommaren kan alle 1. - 7. klassingar vere med på Sommarles, Noregs kulaste lesekampanje.
Biblioteka er stengte pinseaftan, 1. og 2. pinsedag. Dei meiropne biblioteka er likevel opne for dei lånarane som har tilgang til dei.
Tekstilkunstnaren Karina Tene stiller ut verka sine ved Kunstveggen på Ålesund bibliotek i mai. Ho har kalt utstillinga for “Det du (ikke) ser”.
I år som i fjor vert det Barnas leikebyttedag ved Ålesund bibliotek. Laurdag 20. april kan du kome til biblioteket og bytte ut leikene som du ikkje brukar lenger.
På grunn av eit planlagt driftsavbrot onsdags kveld, stenger dei meiropne biblioteka tidlegare. Det vil heller ikkje vere høve til å bruke Bibliofil-appen eller logge seg inn på Mi side.
Ålesund bibliotek inviterer til føredrag med Tinashe Williamson i april. I føredraget “Jeg har også en drøm” tematiserer ho rasisme og antirasisme.
Torsdag 21. mars feirar vi verdas poesidag med føredrag på Moa bibliotek.
Ålesund Kameraklubb feirar i år 75 år. Det markerer dei med to utstillingar på Ålesund bibliotek, i tillegg til fleire fotoføredrag på biblioteket i utstillingsperioden.
Ålesundsbiblioteka har aktivitetar for barn og unge kvar dag i vinterferien. Fisketur, eventyrfotografering og teiknekonkurranse er noko av det ein kan vere med på.